HALLAN

Hugseliste

Du treng:

  • Gyldig legitimasjon (bankkort med bilete, førarkort, ID-kort eller pass)

  • Om du er under 16 år, må du ha samtykkeskjema. Dette kan sendast digitalt på mail i forkant eller leverast fysisk ved innsjekk

  • Gyldig billett

  • Den spelmaskinen du måtte ønskje å bruke under arrangementet (datamaskin, Nintendo, Playstation, Xbox, osv)

  • Skjerm

  • Nettverkskabel (minimum 10 meter)

  • Kablar som du treng til spillkonsollen (f.eks straumkabel og videokabel)

  • Straumpadde (Kvar deltaker får berre tildelt eit straumuttak. Det er deltakaren sjølv sitt ansvar å sørge for nok uttak til PC, skjerm osv.)

  • Tastatur, mus og musematte / kontroll

  • Headset og mikrofon

  • Penger til mat, drikke og snacks i kiosken

  • Mat - Ta gjerne med brød/knekkebrød og noko pålegg som er lett å smøre/leggje på

  • Drikkeflaske

  • Sovepose, liggjeunderlag og pute

  • Nokon bæreposar til skittentøy og søppel

  • Reine klede. Særleg undertøy og t-skjorter

  • Tannbørste, såpe, deodorant og andre hygieneartikler du treng. Det blir muligheit for å bruke garderobe og dusj i Storstova

  • Handklede

    Ikkje ta med:

    • Høgtalarar (det blir mykje bråk om alle har med seg eigen høgtalar)

    • Kjøleskap (USB fridge er tillat, men pass på å ikkje bruke meir plass enn du får tildelt)

    • Mikrobølgeomn

    • Vasskokar

    • Andre apparat som trekk mykje straum

    • Ulovlege midlar

    Fann du det du leita etter?

    unsplash