HALLAN kom opprinneleg som ein idè i Bygdelaget 5915 sitt første styremøte i år. Denne idèen har me så vidareutvikla seg til det som me no kallar HALLAN, som vert arrangert siste helga i haustferien. 12. oktober brakar det laus i Storstova på Leknes der ungdommane samlast for å spele saman.
Dersom du ønskjer å halde deg oppdatert om det som skjer, anbefaler vi at du blir med i Discord-serveren vår. Der legg me ut informasjon både før og under arrangementet.
HALLAN ønskjer å leggje til rette for sosiale aktivitetar lokalt bygda. LAN er eit sosialt arrangement der ungdom kan spele saman.
Slit du med å hugsa kva du skal pakka med deg? Me har laga ei hugseliste som du kan bruka! Her inkluderer me både det vi krev at du skal ha med, i tillegg til mykje som kan være kjekt å ha med.
Me er ei lita gruppe med frivillige som planlegg dette arrangementet. Ønskjer du å bidra smått eller stort, så er det berre å ta kontakt!
For at alle skal ha det kjekt på arrangemenetet er det viktig at me har nokon felles reglar.